søndag 26. april 2009

Forteljing av Knut K. Homme

Maten er ikkje så viktig fysst han e mett så hiv han noe av ho, men fysst han er svolten hiv han ikkje matbiten, då er det det viktigaste i verden for oss. Nokon gonger går vi i butikken og finn oss mat i stappfulle hyller, og dei fleste tenkjer vel mindre på kven som skaffar maten, kva det krev av arbeid og fars arbeidsfaktor

Men vi skal ikkje så langt tilbake i tid før ein sjølv måtte skaffe sin eiga mat, i alle fall på bygda. Og da var hausten avgjørande for den lange vinteren. Kvardagsmaten var brød og graut, graut og brød. Men til jul måtte vi ha noko flott, noko spesielt. Og da var det mange til sjøs etter julefisk, om dei ikkje hadde vore og fiska i bekken.

Julefisken skulle helst være stor og raud, og da skal den liggje på høgfjellet. Før jul har folk truleg god tid. Dei kunne vere borte nokon dagar. Buene var kalde og dagane var korte, så ein måtte kle seg godt å pakke seg inn med ullteppe eller sengeteppe om nettene. Med ildskinna som flakka på veggane, fulle av nomn. Var det blitt fortalt mange gongar – dei lange kveldane.

Ein må sjå på ulike kjennetekn for å kunne finna ut kvar dialekta kjem frå. Eg skal beskrive valledialekta, og da må eg finne ut kva som er spesielt med denne dialekta frå andre dialektar. Dei brukar både -a endingar og -e endingar i infinitiv, dette kaller vi kløyvd infinitiv. I staden for "ille" seier dei "idde", dette er fordi dei byttar om "ll" til å bli "dd". Palatalisering og tjukk l ser eg ikkje noe av i teksten. i fleirtal personlig pronomen brukar han "mi". Fleire dømer frå teksten er at han brukar " å vére" og "å kunna". Som nektingsadverb brukar han "inkje", dette liknar på ikkje, som vi finn på vestlandet. Når ein ser på målmerka, kan ein finne dialekta plassert eit sted på vestlandet, nermare bestemt i dei vestlege dalføra.

Kilder
www.vallemal.no
Spenn, Norsk for studieforberedende utdanningsprogram VG 3, Cappelen Damm 2008

Ingen kommentarer: